Lovecult – Please Be Mine

October 4, 2013

Ålesundsgjengen gir ut singel på singelklubben Diamond Club før debutalbumet endeleg kjem 18. oktober.

«Please Be Mine» er første smakebit av Lovecult sitt komande album. Låta er miksa av Spacemen 3 sin eigen Pete «Sonic Boom» Kember, som har blant anna MGMT «Congratulations» og Panda Bear «Tomboy» på rullebladet – i tillegg til sine eigne legendariske prosjekt. Låta bygger på ei kordrekkje bandet alltid kom tilbake til, men aldri fann rette songen til – før siste timen, like før dei gjekk i studio.

Diamond Club er plateselskapet Brilliance sin singelklubb. Månadens singlar markerast med ein showcase som i oktober skjer på Chagall, torsdag 24. oktober. Lovecult spelar DJ-sett.

Med forførande og suggerande driv, og tydelege referansar til både 70-talets krautrock og 80-talspop er Lovecult sitt lydbilete lågmælt og tidvis djupt hypnotiserande. Dei enkle strukturane i låtskrivinga vert toppa av dristig instrumentering og sterke melodilinjer. Bandet oppsto på Legal i Bergen i 2008, og fekk inntog i norsk musikklandskap då dei vart kåra til Ukas Urørt same år. I 2011 spelte dei på by:Larm.

Debutalbumet skimtar med fleire store namn på mikselista, er spelt inn med Ådne Meisfjord frå 120 Days og produsert av Emil Nikolaisen. Det sleppest på Klangkollektivet 18. oktober.