Line Dybedal slepp debutalbumet “Til kjærleiken” på bursdagen sin 12. februar, etter eit suksessfylt år med fire av fire singlar lista på nasjonal radio. Siste singel «Et evig ønske» vart A-lista på NRK P1 basert på ein demo. Ho prøvde seg på engelsk i fleire år, men det var fyrst då ho byrja å synge på den vakre nordfjorddialekta det verkeleg losna.
«Noko så naturleg som å syngje akkurat slik ein snakkar, det trur folk på. Det vert så ekte og nært.»
Samstundes med plateslepp flyttar Dybedal heim til garden i Selje, der ho og mannen ventar sitt fyrste barn.
«Ein kan skrive musikk uansett kvar ein er i verda. Eg håpar og trur at nærheita med fjella, dyra, og havet vil gje meg mykje inspirasjon. Huset vi skal bu i har vore fylt med musikk igjennom 200 år, og når mannen har bygd studio i lada som står rett ved sidan av, så eg har tru på at dette skal bli rett så festleg.»
“Til kjærleiken” består av åtte låtar skrive over ein periode på 5 år, der fleire av låtane er oversett frå engelsk til norsk. Låtane handlar om nokre av utfordringane igjennom desse åra. Nokre personlege, nokre om det å omstille frå å vere bandmedlem til soloartist, og eit par kjærleiksviser.