Line Dybedal – Stille

January 23, 2015l

«Stille», handlar om å diskutere så hardt at det til slutt vert heilt stille, og er fyrste poplåt på norsk av Line Dybedal frå Selje i Sogn og Fjordane.
Du har kanskje høyrt den vakre stemma hennar før, anten som bandmedlem eller soloartist – Line Dybedal er nemleg med på fleire låtar spelt på P1 og P3 saman med Odd Erik Lothe, The Pink Robots og Forza. Ho har spelt på dei største festivalane i Norge og nasjonal TV, vore lista på radio, og spelt inn tre album. Inspirasjonskjelder er Odd Nordstoga, Bjørk, Røyksopp, Faithless og Ellie Goulding – og noko heilt anna, nemleg folkemusikken og den klassiske kyrkjemusikken frå organistyrket hennar. På ein litt rar, skjult måte, ifølge Dybedal sjølv.

Comments are closed.