Ferdarhag – Når sola stig

October 14, 2014Ferdarhag

Kent på “Gulen-i-Sogn-dialekt”

Ferdarhag er lyden av storbyens einsemd, og lengsla etter å atter ein gong kome heim til ei fager bygd i Sogn. Tekstmessig vandrar orkesteret i gråsona av livets mørke skuggesider, der kun eit snev av lys slepp inn. Ein stø puls legg grunnlaget for atmosfæriske rockelåtar om eit liv på rømmen frå kjedsamheitas klamme neve. Skrekken er ikkje å brått kapitulere, men å svinne hen, sakte…

Kvintetten i Ferdarhag, beståande av unge menn og gamle gutar, likar å omtale musikken sin som: “emo for vaksne”. Det musikalske uttrykket nikkar i retning av klassiske rockenamn som Fleetwood Mac, såvel som 80-tals post-punk/altenativ rock-band som The Cure og vår tids Kent.

I tillegg til å ha vorte anbefalt av NRK P3 Urørt, har hausten budd på spelingar i P1-programmet Norsk på Norsk, og Stjernepose på P13.

Ferdarhag speler på Diamond Club på Tilt i Oslo 05. november

Comments are closed.